Velkomen til motbakkeløpet «Lårdal Upp» 2021 laurdag 7. august

Påmelding opnet

Høydalsmo IL og Lårdal Vel arrangerar motbakkeløpet Lårdal Upp for femte gong. Dette er eit utfordrande motbakkeløp i vill og vakker natur med utsikt utover Lårdal og Bandak. Løpet er i underkant av 4 km langt med ei stigning på 600 høgdemeter. Start ved Lårdal bryggje og mål på Trisetnibba, som i luftlinje er omtrent rett over bryggja.

Påmelding innan 06.08.2021 kl. 23.59 eller i naudsynte tilfelle etterpåmelding inntil kl. 10.30 på konkurransedagen i sekretariatet på startområdet på Lårdal Bryggje.