Løypa er flat og slak i starten og går fyrst utover Strandinvegen 200 – 300 meter for så å fylgje ein traktorveg oppover eit stykke i lia. Her er må ein ta av vegen og fylgje merka sti i terrenget. Det er tidvis temmeleg bratt men heilt greitt å koma fram. Stien er godt merka med blå måling på steinar og trestammer. Når ein har fylgt stien opp eit par bratte kneikar er ein omtrent halvvegs på ein gammal plass som heiter Nygård. Herifrå går stien vidare oppover i fint turterreng delvis ut mot bratt terreng over Bandak. Det er vekslande stigning frå slakt oppover til nokon temmeleg bratte bakkar. Innspurten er ein tøff lang motbakke inn på ein traktorveg opp mot toppen.