Generell informasjon

Koronatiltak: Me ber alle om å fylgje gjeldande smittevernsreglar frå FHI med bl anna å halde 1 meter avstand. Under løpet, gå til sida og slepp dei som kjem bakfrå forbi, samt ikkje bli verande i målområde men trekk unna slik at det ikkje blir trongt om plassen.

Parkering, sekretariat og premieutdeling ved Lårdal Vel sitt lokale ved Lårdal Bryggje.
 

- Deltakarar som ynskjer løpstøy transportert frå start ved brygga til mål på Trisetnibba legg dette i ein merka pose eller bag på tilvist stad ved startområdet. 

- Alle får drikke etter målgang.

- Det går skytteltrafikk med buss frå mellom bryggja om og eit stykke frå målområdet frå kl.11.00 til alle er i mål.
 
- Kiosk på bryggja med sal av brus, vaflar, pølser m.m.


- Premieutdeling ved sekretariatet så snart resultatlister er klare.

- Det er fyrstehjelpsberedskap ved Nygård og i målområde samt løypevakter med radiosamband.

Løpsinformasjon

Starttider

Kl. 11.00: Mosjonsklassa fellesstart utan og med tidtaking frå Lårdal Brygge

Kl. 12:00: Konkurranseklassar fellestart frå Lårdal Bryggje.


Startkontingentar:

Konkurranseklassar kvinner/menn 20 år +: Kr 350,- + lisens kr. 40,-
Konkurranseklassar ungdom 12-19 år: kr 200,- + lisens kr. 30,-
Mosjonsklasse alle: kr 80,- + lisens kr. 20,-

Tilleggsavgift for etterpåmelding: kr. 150,-

Startkontingent inkluderer drikke (saft/vatn i målområde),
busstransport ned att til bryggja og premiering.

  

Om lisensordninga:

Alle deltakarar, konkurranseklasser og mosjon, som fyller 13 år i år og som ikkje
har betalt heilårslisens, må kjøpe eingongslisens som kjem i tillegg til
startkontingenten. Lisensen er lovpålagt og dekkjer full idrettskadeforsikring.


Premiering

Ungdomsklasser (12-19 år) kr. 500,- for beste tid i kvar klasse (6 stk.)
Vaksenklasse (M&K) kr. 3000,- for beste tid (2 stk.)
Premiering av bestetid i kvar klasse med sponsorpremie(18 stk.)

 Ekstrapremie for dei som slår besterekorden (27.43 for menn og 33.13 for kvinner)