Løypebeskriving

Løypa er flat og slak i starten og går fyrst utover Strandinvegen 200 – 300 meter  for så å fylgje ein traktorveg oppover eit stykke i lia. Her er må ein ta av vegen  og fylgje merka sti i terrenget. Det er tidvis temmeleg bratt men heilt greitt å  koma fram. Stien er godt merka med blå måling på steinar og trestammer. Når  ein har fylgt stien opp eit par bratte kneikar er ein omtrent halvvegs på ein  gammal plass som heiter Nygård. Herifrå går stien vidare oppover i fint  turterreng delvis ut mot bratt terreng over Bandak. Det er vekslande stigning  frå slakt oppover til nokon temmeleg bratte bakkar. Innspurten er ein tøff lang  motbakke inn på ein traktorveg opp mot toppen.