Skileik i Oftejordet

Skianlegget i Oftejordet er eit gratis tilbod til alle som ynskjer å drive med skileik. Hopp, railar, skogsløype og moro er det me byr på. For å køyre er det krav om hjelmbruk.

Åpent frå onsdag 8. januar 2020 til desse tidene:

Onsdag kveld kl. 18-20

Laurdag og søndag kl. 12-15

Då gjeng heisen og det er fyr i bålpanna.

Dei som er godkjende kan åpne til andre tider også, men deler då informasjonen på vår Facebookside.

lagt til handlevogn