Tilbod om klubbklær til medlemspris

Høydalsmo IL tilbyr medlemmer å kjøpe klubbklær til medlemspris.


Prøving i gymsalen på Høydalsmo samfunnshus søndag 1.11. kl. 15-17 og måndag 2.11. kl. 17-19.


Kleda er av merket Trimtex og er til både born og vaksne. I sortimentet vårt har vi klubbdressar i tre ulike modellar, 2 delt skidress (racingdress), dunjakke, t-skjorte, o-skjorte, lue og panneband. Tilbodet gjeld bare for dei som har betalt medlemskontingenten.


Vi har inngått ei 3 års avtale med Trimtex, og HIL får eigen nettbutikk der medlemmene går inn og bestiller, samt betalar for sitt klubbtøy. Sponsinga til HIL/sponsorar er lagt inn i prisen som ligg i nettbutikken og er den du betaler + fraktkostnad. I tillegg tilbyr Trimtex klubbens medlemmer 25% rabatt på kjøp av øvrig ordinær Trimtex-bekledning (desse er utan HIL/sponsor logoar). Nettbutikken opnast etter avtale mellom styret og Trimtex og vil være open 14 dagar ca. 2 gonger i året. 1. opning vil være nå i november.


Hvis du ikkje ynskjer eller har moglegheit til å møte på prøvekveldane, har Trimtex ein god størrelse guide på www.trimtex.no. Det er ikkje mogleg å bytte/returnere klubbklær.


Me fylgjer smittevernreglane:

1. Ver heime dersom du er sjuk eller har vore i nær kontakt med ein som har korona.
2. Vask/sprit hendene når du kjem, og når du reiser heim igjen.
3. Hald minst 1 m avstand
4. Vent ute til nokon i styret slepp deg inn
5. Det vert ført opp liste med namn på alle som kjem

Helsing styret

Rapport frå Telemarkskarusellen i friidrett

«Dette er en serie friidrettsstevner arrangert av klubber i telemark, med friidrettskretsen (tfik) som regisør. Stevnene er et rekrutteringstiltak som legger vekt på allsidighet, og som skal bidra til positive opplevelser med friidrett»

 HIL ynskjer å takke alle deltakarar som har bidrege med logoen vår på drakta, me er veldig stolte av dei flotte ambassadørane og av at klubben deltek!

 Det må vere lov å trekkje fram Ingrid Stigen Byggland som kan sjå tilbake på mange flotte plasseringar i øvinga «løp».  Som de kan lese i rapporten så vart Ingrid nr. 3 av alle løparar som har delteke og den einaste jenta som klara å kome inn på lista. Lista er basert på utøvaren sine inntil tre beste og tellande resultat. GRATULERER SÅ MYKJE INGRID!

LINK TIL HEILE RAPPORTEN 

https://www.friidrett.no/globalassets/kretser/telemark/arrangement/friidrettskarusellen-telemark/ny-mappe/20200926-telemarkskarusell2020-runde5.pdf?fbclid=IwAR0yc30kbVMy-3LVH_XVWBmtyDW1qWNE88Vnyt3WtUOy9GTsa6BbRuXsqUs

Løypekart Høydalsmo

Me er glade for å endeleg presentere det flotte løypekartet for skiløypene i Høydalsmo. Skilt er på plass ved starten på Skinan, starten på ljosløypa ved stadion og i Oftejordet skileikanlegg. 

Kartet er utarbeida av Kart Fossøy på Notodden.

Sjå kartet her