Bungee

Instruktør: Mona Kaldråstøyl

Teningstider: Måndag kl. 19.00 og torsdag kl.18.00 

Stad: Høydalsmo samfunnshus

Mona har økter som : BasisBall Center Core (fokus på kjernemusklaturen) Bungee trening (intervalltrening med strikk), styrketrening med eigenkroppsvekt og enkelt utstyr, Tabata trening (HIIT), Yoga styrketrening, BodyAttack (puls trening til enkle trinn og fengane musikk) og noko bevegelse og mobilitetstrening innimellom eller som eg legg inn i øktene.

Informasjon om timane vert lagt ut på FB-sida «litt sterkare» med Mona

Timane passar ALLE, får stadig spørsmål om treningane er for godt trena personar, det er dei ikkje. Øvelsane og øktene utførast med den intensitet ein sjølv har kapasitet for, enten du vil byrje å trene eller har trena litt tidlegare. Prøvar og å vise ulike måtar å gjera dei ulike øvelsane på der det er behov for det.

Du set dine eigne mål for kva du vil ha ut av øktene og så pushar eg dykk litt for å få dykk litt ut av komfortsona av og til. Mål varierar frå person til person, det kan vera at ein ynskjer å betre kondisjonen, få meir styrke, betre balanse/bevegelse, livsstilendring, eller rett og slett bare vil vera med for å bli kjent med folk i bygda, vera sosial og skravle i badstoga etter treningane. Du er velkomen uansett.

Pris for treninga er:  

Medlem i HIL: kr. 400,- pr. halvår (januar-juni og august-desember)

Ikkje medlem i HIL: kr. 800,- pr. halvår

Drop in: kr. 80,-             

Vipps til Høydalsmo Idrottslag #138036 og merk med namnet ditt + litt sterkare

  

lagt til handlevogn