Tilbod om klubbklede til medlemspris

Høydalsmo IL vil igjen tilby medlemar å kjøpe klubbklede til medlemspris hjå Trimtex.

Nettbutikken er nå opna!

Det blir arrangert ein prøvekveld i matsalen på Høydalsmo Samfunnshus måndag 24. okt. frå kl. 18:00 – 20:30. Trimtex har også sin eigen størrelsesguide under kvart produkt om du ikkje har anledning for å kome på prøvekvelden.

Høydalsmo IL vil dekkje 40 % av kvart plagg som er i HIL sin kolleksjon hjå Trimtex. Dette tilbodet gjeld kun for medlemar som har betala medlemskontingenten. Elles er det verdt å nemne at det er 25 % klubbrabatt på resterande produkt i nettbutikken hjå Trimtex (www.trimtex.no).

3D visning av kvart plagg i HIL sin kolleksjonen finn du i denne lenkja og prisliste inkl. rabatt finn du i denne lenkja. Det er junior- (130 – 160 cm), dame- og herrestørrelsar.

Produkta i HIL sin kolleksjon er tre typer overtrekksdress til ulike vêrtilhøve, vest, konkuransedress ski, t-skjorter/singlet til løping og orientering, løpetopp til dame,  to typer dunjakke,  luve og panneband.

For å kome til nettbutikken og bestille klede: Den enklaste måten å kome til nettbutikken er å opne denne lenkja:

https://trimtex.no/no/search?cgid=TS0002003

Her kjem du til eit vindauge der du enten kan logge inn eller opprette brukar. Når  dette er gjort er nettbutikken lagt til din brukar. For meir detaljert informasjon sjå dette vedlegget.

Medlemar av HIL har også 25 % rabatt på alle andre produkt hjå Trimtex. Då må ein bruke denne rabattkoden i kassa: HØYDALSMOIL25

Nettbutikken er nå opna og vil vere open fram til måndag 31.10 kl. 23:59. Forventa levering er i veke 50. Dette er kortare enn først annonsera, men det er for at me skal vere sikre på å få levert varene før jol.

PS Det er ikkje mogleg å byte bestilte klubbtøy.

PS Hadde du ikkje anledning til å møte på prøvekvelden kan du kontakte Arne Moen Lid. Han har prøvene ei veke til.

Helsing Styret

lagt til handlevogn